Sidan Fire Emblem: Heroes kom ut har utviklarane av spelet jamleg oppdatert det med meir og meir innhald. Spelet har blant anna fått store og små innhaldspakkar. No ser det ut som om det er enda meir på veg. I dag kom nemleg den nylege oppdateringa, versjon 2.0, til Fire Emblem: Heroes. Denne oppdateringa inneheld mange ulike ting. Her er ei kort oppsummering av alt som blei lagt til:
- Bok II har blitt lagt til i historiemodusen.
- Legendariske heltar og velsigningar har blitt lagt til.
- Nye element har blitt lagt til, og desse er vatn, eld, vind, og jord.
- Våpenraffineriet har blitt lagt til.
- Høge nivåferdigheiter har blitt lagt til for stavbrukarane.
- Nedkjølingar har blitt korta ned på til spesifikke ferdigheter.
- Størrelsen på brakkene har blitt auka med 100.
- Arenascoringa har blitt endra på.
- Arenarangeringa har blitt endra på.
- Fjærer har blitt lagt til som My Nintendo belønningar.
- Diverse forbetringar og feilrettingar.
Speler du fortsatt Fire Emblem: Heroes? Fortel oss om det i kommentarfeltet nedanfor. Uansett så får me berre håpe at Nintendo vel å støtte dette spelet lengst som mogleg.
Legg igjen en kommentar